Intervju av undertegna i siste nr av iFørde. Litt om fortida, trommer, Envy og framtida. Forhåpentlegvis vil alt gå etter planen:
—-
“Hardtarbeidande trommis
Det er tilsynelatande ingen som legge merke til Svein Inge Bjørkedal ( 24) når han entrar
ein folksam kafé i Oslo. Ein skulle kanskje trudd det. Førdianaren er ein av medlemmane
i livebandet til Envy, hip-hop gruppa som har herja radio, hitlister og konsertscener i
Norge det siste året.
– Eg får stort sett gå i fred på gata. Det er ingen hylande jenter som spring etter meg, ler
han og understrekar at det er heilt greitt.
Trommene har vore ein viktig del av livet heilt sidan han som åtteåring fekk dei utdelt i
Førde Skulemusikk.
– Ja, kor skal eg begynne? Eg skulle eigentleg spele trompet, men der var det fullt. Så vart
det trommer då, og seinare band med kompisar og alt det der.
”Alt det der” bestod av å vere med på mest muleg . Ikkje ein einaste sjanse til å få
spele trommer lot han gå frå seg… “
—-
Heile intervjuet finn du her; http://bit.ly/IM4m5u
—-
Ompatibelt





